Ferdsla på fjorden i Fjaler

MS Sogn ved kai i Flekke i 1920. Dette må ha vore eit spesielt høve, for det var sjeldan dei største fylkesbåtane gjekk dit. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
Frå 1600-talet var det skysskifte i Korssund, der det var gjestgiveri og handelsstad.
Garden Lutentun høyrde også til Korssund, og her budde skysskaffaren. Også på Tross i Dale var det skysstasjon med roar som frakta folk inn Dalsfjorden til Sveen i Bygstad som ein lekk i Den Trondhjemske Postvei (sjå: Gamle ferdslevegar i Fjaler).

Folk ventar på rutebåten på kaia i Gjølanger i 1947. ©Fylkesarkivet.
STOPPESTADER:
Dale vart fast stoppestad for Fylkesbaatane alt på den første Sunnfjord-ruta til selskapet i 1859. I 1880-åra var enkefru Anne Vonen ekspeditør, i 1909 overtok Ola Hovland og seinare Andreas J. Dale (sjå: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale).

Dampskipskaia i Dale på slutten av 1930-talet. DS ”Framnæs” ligg ved kai. Til venstre i biletet ligg skofabrikken. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
Straumsnes
fekk rutestopp i 1862.
Korssund
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877.
Leitet/Fagervik
fekk rutestopp i 1893.
Flekke
fekk rutestopp i 1893.

Den gamle kaia i Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Grytøyra og Hellevik
fekk rutestopp i 1895.
Gjølanger
fekk rutestopp i 1900.

Fure ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.
FERJESAMBAND:
Ferjesambandet Fure-Askvoll-Atløy
vart opna i 1973, etter at ferja i eit par år berre hadde trafikkert mellom Askvoll og Atløy.
Ferja Dale-Bygstad-Eikenes
I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten «Fagervik» på Dalsfjorden mellom Eikenes-Dale-Bygstad. Med eit påbygd «bildekk» kunne båten frakte inntil fire bilar på tvers av dekk. Ruta gjekk seinare som heilårsrute i regi av Fylkesbaatane heilt fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Ein kombinert buss frå Firda Billag er rygga om bord i ”Varden” i Dale. Foto frå Firda Sjåførforening si biletsamling.
Privat lasterute Dalsfjorden-Bergen
Etter den store hamnestreiken i 1921, leigde Fylkesbaatane ei mengd private frakteskuter for å halde oppe vareforsyninga mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Då streiken var slutt, heldt mange av desse privatrutene fram. Ei av desse var ruta som Johan J. Valvik dreiv mellom Dalsfjorden og Bergen. Frå 1922 til 1952 dreiv han Dalsfjordruta med båtane «Møgsterfjord» og seinare «Dalsfjord» - ei kombinert passasjer- og varerute. Etter at Dalsfjordruta vart lagt ned, gjekk «Dalsfjord» i rute på Førdefjorden fram til 1968.

MS Dalsfjord. Foto utlånt av Bjørn Valvik.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.04.2013