Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Førde

Det kunne vere folksamt på Steinen når båten kom. Dette biletet er truleg frå 1962, og det er ”Kommandøren” som har lagt til kai. Foto: Reiakvam.

Det kunne vere folksamt på Steinen når båten kom. Dette biletet er truleg frå 1962, og det er ”Kommandøren” som har lagt til kai. Foto: Reiakvam.

Heilt fram til vegen over Vasslia mot Fauske og Solheimsdalen vart opna i 1975, måtte folket frå dei vestlegaste bygdene i Førde kommune nytte rutebåtane på Førdefjorden til godstransport.

Førde

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1859 då selskapet starta eiga fjordabåtrute på Sunnfjord. Kaia på Steinen vart bygd i 1868, men den rasa i fjorden i 1870.

Ny kai stod ferdig i 1872. Anders A. Steen frå Holsen vart første ekspeditøren på Steinen. Kaia på Steinen tente som kai for både Førde og Jølster kommunar, og jølstringane ytte tilskot til vegen som vart bygd frå Den trondhjemske Postvei på Hafstad og ut til Steinen.

Dampskipskaia på Steinen var eit viktig knutepunkt i 1915. Ukjend fotograf.

Dampskipskaia på Steinen var eit viktig knutepunkt i 1915. Ukjend fotograf.

Fylkesbaatane ytte i 1902 tilskot til bygging av hestestall på Steinen. Steen-familien var ekspeditørar på Steinen i fem generasjonar. Fylkesbaatane la ned ruta til Førde i 1990.

I dag er det sjeldan båttrafikk til kaia på Steinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dag er det sjeldan båttrafikk til kaia på Steinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ervik

var sjøvegen for heile Solheimsdalen, og der hadde dei nausta sine. Bjørkedalen ved fjordstranda litt lengre aust, var naustplassen for gardane Fauske og Fengestad. Ervik fekk rutestopp frå Fylkesbaatane frå 1882 med Aksel Sjurson Grønhaug som første ekspeditør. Fylkesbaatane hadde rute på Ervik fram til 1979.

Ervik hadde rutebåtstopp i nesten 100 år. Her er det DS ”Gudvangen” som ligg til kai tidleg på 1900-talet. Foto Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Ervik hadde rutebåtstopp i nesten 100 år. Her er det DS ”Gudvangen” som ligg til kai tidleg på 1900-talet. Foto Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010