Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Luster

DS ”Kommandøren” ved Døsen-kaia i Luster. Foto. Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS ”Kommandøren” ved Døsen-kaia i Luster. Foto. Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaldt innlandsklima og store mengder ferskvatn frå vassdraga gjer at Lustrafjorden har vore den fjordarmen i fylket der fjordisen har skapt mest hinder for skipstrafikken.

''Omtalane er ordna etter årstala for når dei einskilde stadene fekk rutestopp:''

Døsen

i Luster fekk rutestopp då dei første rutene til Fylkesbaatane starta i 1858. I 1894 var det på tale å gje Sørheim på andre sida av fjorden rutestopp mot at Døsen vart lagt ned, men etter hard kamp vart Døsen halde oppe samstundes som Sørheim fekk sitt rutestopp. M.a. sat landhandlar og dampskipsekspeditør Hans Rue Olsen Døsen då i styret for Fylkesbaatane, og kunne føre kampen for si bryggje der - utan at nokon den gongen stilte spørsmål om ugildskap!

Marifjøra

vart stoppestad for Fylkesbaatane heilt frå starten av selskapet i 1858. Her vart det bygd skikkeleg kai i 1872. Frå 1905 var det folk frå familien Bugge Næss som stelte med dampskipsekspedisjonen.

Rutebåt ved kai i Marifjøra på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Rutebåt ved kai i Marifjøra på 1890-talet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Solvorn

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1859 med Jakob Walaker som første ekspeditør, og denne tenesta var i same familien i fleire generasjonar. Sjølv om Solvorn låg isfritt til, vart også denne stoppestaden lagt ned saman med dei andre langs Lustrafjorden i 1964.

Solvorn med ferja på veg frå Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solvorn med ferja på veg frå Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ferje Solvorn-Årdalstangen

Kvar sundagskveld frå verket i Årdal starta i 1947, gjekk «Årdals-båten» D/S «Stavenes» i arbeidsruta frå Luster til Årdalstangen. I 1963 sette Fylkesbaatane inn bilferja «Lote» i dagleg rutetrafikk mellom Solvorn og Årdalstangen. Ferja tok seg m.a. av mjølketransporten frå Luster til meieriet på Årdalstangen, og vart ein nyttig bindelekk for lustringar som arbeidde på Årdal Verk. Ruta vart lagd ned i 1990.

Skjolden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjolden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjolden

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1868. Kaia vart bygd på Eide, der bonde og handelsmann Torgeir Sulheim var ekspeditør. Det gamle telthuset frå eksersisplassen i Luster vart flytta til Eide og nytta som ekspedisjonsbygg. Huset vart restaurert på 1990-talet.

Dampskipskaia i Kroken med Fortunsbui i 1968. Bygdefolket møtte fram når båten kom. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dampskipskaia i Kroken med Fortunsbui i 1968. Bygdefolket møtte fram når båten kom. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kroken

fekk rutestopp i 1887. Her var handelsmann Torleiv Kroken ekspeditør heilt frå 1919 til 1959.

Høyheimsvik

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1887 med Ole Næss som første ekspeditør. Sidan var det handelsfamilien Næss som var ekspeditørar heilt til rutene vart lagde ned.

Før Ornes fekk kai vart rutebåtane borda ved Laberg. Biletet er teke ein 17. mai på slutten av 1920-talet. Foto: Jens Bugge. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Før Ornes fekk kai vart rutebåtane borda ved Laberg. Biletet er teke ein 17. mai på slutten av 1920-talet. Foto: Jens Bugge. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ornes

fekk rutestopp kring 1890. Sidan 1960-talet har Ornes hatt ferjesamband over fjorden til Solvorn, driven av det private selskapet Luster Fjordtransport, seinare Hærum Trans AS.

Luster Fjordtransport

- sjå under Ornes.

Hærum Trans AS

- sjå under Ornes.

Bilferja Urnes som går i rute mellom Solvorn og Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bilferja Urnes som går i rute mellom Solvorn og Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sørheim

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1895. (Sjå elles under Døsen øvst på sida om striden kring rutestoppet på Sørheim.)

Gaupne

fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1910 med Peder O. Urdahl som ekspeditør.

Lustrafjorden sett frå Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lustrafjorden sett frå Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Isvanskar i fjordferdsla

Kaldt innlandsklima og store mengder ferskvatn frå vassdraga gjer at Lustrafjorden har vore den fjordarmen i fylket der fjordisen har skapt mest hinder for skipstrafikken.

Cruisebåtkai i Skjolden

I 2010 vart det bygt ein djupvasskai for å ta imot store cruisebåtar i Skjolden. I 2011 kom 9000 passasjerar med cruisebåt til inste Lustrafjorden, i 2012 er det venta 40.000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2011