Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Naustdal

Kaia i Naustdal i 1939. Mykje folk er samla når fylkesbåten Framnæs bakkar ut frå kaia. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Kaia i Naustdal i 1939. Mykje folk er samla når fylkesbåten Framnæs bakkar ut frå kaia. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Skysstasjonar og rorsplikt

Heilt frå den offentlege skyssordninga vart innført på 1600-talet var det skysstasjonar i Førde, Naustdal og Tingneset i Vevring.

Naustdal

fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1859 med kjøpmann og postopnar Johan Friis som ekspeditør. Dei første åra hadde bygda berre såkalla ”stjernestopp”. Fram til kaia kom i 1877, vart varer og folk rodde ut til dampen på fjorden. I 1879 overtok Henrik Gundersen som ekspeditør.

Dampskipskaia i Naustdal i 2008. Det er mange år sidan sist det kom rutebåtar hit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dampskipskaia i Naustdal i 2008. Det er mange år sidan sist det kom rutebåtar hit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vevring

fekk rutestopp frå Fylkesbatane alt i 1859 då selskapet starta si første dampbåtrute på Førdefjorden. Heilt fram til det vart bygt kai på 1920-talet vart rutebåtane borda ute på fjorden. Det var dei lokale landhandlarane på Tingneset som var ekspeditørar for Fylkesbaatane i Vevring.

Andal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane tidleg på 1890-talet. Men trafikken var liten, og difor overtok Helle i 1898 som stoppestad i denne delen av Førdefjorden. Andal freista i 1908 og 1910 å kome med att på fjordabåtrutene, men utan å nå fram. Først etter 2. verdskrig fekk grenda plass i rutetabellen til lokalruta som gjekk i Førdefjorden. Også Frammarsvik freista like fåfengt som Andal å kome inn som stoppestad for rutebåtane. Bygda lukkast ikkje før under 2. verdskrig, og hadde til liks med Andal rutestopp av lokalruta i etterkrigstida.

Frammarsvik

– sjå Andal.

Frammarsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frammarsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Redal

kom med i Fylkbaatane sine ruter i Førdefjorden truleg tidleg på 1900-talet, men er ikkje oppførd i rutehefta før i 1912. Det var Mathias Løvik som var ekspeditør for rutebåtane i Redal.

Kaia på Helle rundt 1960. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Kaia på Helle rundt 1960. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Helle

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1898 etter at Fylkesbaatane valde å flytte rutestoppen for denne delen av Førdefjorden frå Andal til Helle. Postopnar Mads O. Helle vart ekspeditør og bygde ny kai i 1922. Bygdefolket mura kaia på dugnad. I 1979 slutta lokalruta å trafikkere Helle fordi kaia var for dårleg.

Kvellestad

fekk rutestopp av Fylkesbaatane under 2. verdskrig. Etter krigen hadde bygda anløp av den lokale mjølkeruta som trafikkerte i Førdefjorden.

Liabøbåtane

Mads Liabø kjøpte sin første båt i 1915 og starta fraktfart på Vestlandet.

Annanias T. Frammarsvik

- sjå Liabøbåtane.

Jens Øyra

fekk postruta mellom Førde og Naustdal kring 1920. Seinare kjøpte han motorbåt med passasjersalong. Båten vart også nytta til sjuketransport til Florø.

Gryttenbåtane

I 1928 starta Anders og Johan Grytten frå Gryta ei lokalrute med motorbåt frå Redal til Florø.

Sigurd Skjærli

- sjå Gryttenbåtane.

Fjordis heilt til Frammarsvik

Den siste krigsvinteren i 1945 var ein fimbulvinter utan like i Nord-Europa. Denne vinteren fraus Førdefjorden heilt ut til Frammarsvik vest for Naustdal, og varer og post som kom med fylkesbåten måtte lossast ved iskanten og fraktast vidare med hest. Også sild frå vintersildfisket ute ved kysten måtte hentast ved iskanten. Ofte kunne det vere opptil 50 hestar med slede ute på isen ved Frammarsvik for å hente sild frå føringsbåtane.

Ein sjark passerer Russenes med Engebø i bakgrunnen. Rutebåtar har det vore smått med på Førdefjorden dei siste åra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein sjark passerer Russenes med Engebø i bakgrunnen. Rutebåtar har det vore smått med på Førdefjorden dei siste åra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2010