Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Vik

Dampskipskaia i Vik i 1935. DS Alden er i ferd med å legge til kai, og til høgre ser vi eit sjøfly. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Dampskipskaia i Vik i 1935. DS Alden er i ferd med å legge til kai, og til høgre ser vi eit sjøfly. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Jektebygda Vangsnes

Vangsnes var det viktigaste senteret for jektefart i Sogn. I 1890 vart det talt 17 jekter i bygda.

Ei sognejekt på fjorden mellom Balestrand og Vangsnes.

Ei sognejekt på fjorden mellom Balestrand og Vangsnes.

Johan O. Vange var dampskipsekspeditør i Vik frå 1910 til 1953.

Johan O. Vange var dampskipsekspeditør i Vik frå 1910 til 1953.

Vik bygde kommunal kai

Vik kom med som stoppestad for dei første Fylkesbaatrutene i 1858, og første ekspeditør var handelsmann Chr. Parelius Rasmussen. Det vanlegaste var at private ekspeditørar bygde kaia, men i Vik bygde kommunen dampskipskai i 1864.

Billett for å sjå dampbåten i Vik

Vikjene måtte betale for å få lov å stå på kaia når «dampen» kom. Dessutan vart det forbod mot dans på kaia.

Fylkeskaia stengd for konkurrentane

Frå 1866 fekk Fylkesbaatane hard konkurranse på Sognerutene frå andre dampskipsselskap.

Fylket kjøper Hopstock-kaia

I 1898 vedtok fylkestinget å kjøpe kaia til hotelleigar og handelsmann Jens Krogh Hopstock, og ved denne kaia var det berre fylkesbaatar som fekk leggje til. Dampskipsekspeditør Hopstock plikta seg skriftleg til å avvise dampskipet «Ørnen» dersom det konkurrerarande ruteskipet freista å leggje til (sjå Konkurranse om rutefarten og «Ulukker i Lærdal»).

DS ”Firda” ved kai i Fresvik ca. 1910. Foto: Carl Gustav Normann. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS ”Firda” ved kai i Fresvik ca. 1910. Foto: Carl Gustav Normann. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fresvik

kom med som stoppestad på dei aller første rutene som Fylkesbaatane starta mellom Bergen og Sogn i 1858. Fresvik hadde frå 1971 til 1976 anløp av ekspressbåtruta Bergen-Sogn, men fekk på 1990-talet snøggbåtsamband att ved at lokalruta som Fylkesbaatane sette opp mellom Aurland og Sogndal gjekk innom Fresvik.

Kaia på Nese i Arnafjord på 1950-talet. Til venstre ser vi rutebåten Eitrheim.

Kaia på Nese i Arnafjord på 1950-talet. Til venstre ser vi rutebåten Eitrheim.

Nese i Arnafjord

fekk rutestopp av Fylkesbaatane ein gong i månaden frå 1862, men fall ut av rutene etter ei tid. Først i 1882 kom bygdene inn att på dampbåtrutene, og hadde kring 1900 tre stopp i veka.

Vangsnes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og Lars L. Vangsnes var ekspeditør og postmann. Den første ferja som gjekk til Vangsnes, var ferjeruta som frå 1945 vart sett opp mellom Nordeide i Høyanger og Leikanger.

Ferjekaia på Vangsnes med bilferja ”Gulen” ved kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia på Vangsnes med bilferja ”Gulen” ved kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjebygda Vangsnes

vart opna i 1952, men før den tid hadde også ferja som gjekk mellom Vetlefjorden og Grinde i Leikanger før vegen til Balestrand var ferdig, nokre daglege turar over fjorden til Vangsnes.

DS ”Nordfjord I” ved kai i Feios i mellomkrigstida. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS ”Nordfjord I” ved kai i Feios i mellomkrigstida. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Feios

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og handelsmann Kristen Offerdal vart ekspeditør og bygde kai.

Kaia på Sylvarnes i 1951. Ukjend fotograf. Eigar: Borghild Hjortland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaia på Sylvarnes i 1951. Ukjend fotograf. Eigar: Borghild Hjortland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sylvarnes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1890.

Kaia i Framfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia i Framfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Framfjorden

fekk stoppestad for Fylkesbaatane i 1908 i samband med at selskapet Mineral og Kraft AS starta kalkgruve der (sjå Talkgruvene i Framfjorden).

Finden. Foto: Per Nikolai Solheim.

Finden. Foto: Per Nikolai Solheim.

Finden

kom i 1924 inn på ruta til ei lokal motorbåtrute som Fylkesbaatane dreiv i fjorden mellom Lavik og Fjærland.

Strid om Bergens-rutene

Passasjerskipet «Balholm» sette Fylkesbaatane i rute mellom Høyanger-Vik-Balestrand-Leikanger-Flåm i 1949. Same året sette selskapet «Sognefjord» og «Sunnfjord» inn i rutene på Bergen.

Private skyssbåtar:

DS ”Vangsnes” oppankra på Vikjabukti tidleg på 1900-talet. Foto: Jacobsen. Eigar: Asbjørn Vangsnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS ”Vangsnes” oppankra på Vikjabukti tidleg på 1900-talet. Foto: Jacobsen. Eigar: Asbjørn Vangsnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vangsnesbåtane

Johannes Nilsson Vangsnes frå Fresvik starta i 1904 faste ruter mellom Bergen og Sogn med D/S «Vangsnes». Johannes døydde i 1913, og sonen Nils J. Vangsnes overtok. – Les elles om kappestriden mellom Fylkesbaatane og private rutebåtselskap på slutten av 1800-talet under stoppestaden Vik.

Mannskapet på DS ”Vangsnes” fotografert i 1908. Mannen som sit til venstre er Anders Tansøy, i midten sit eigaren Johannes N. Vangsnes. Dei andre på biletet har vi dessverre ikkje namn på. Foto: Jacobsen. Eigar: Asbjørn Vangsnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skyssbåtar

Peder Kvamme var den mest kjende skyssbåtføraren. Han dreiv frå slutten av 1920-talet skysstrafikk med fire båtar: «Tommeliten», «Solo», «Ramona» og «Bolinder». Den siste vart under 2. verdskrig nytta som slepebåt for lekterar på Årdalsvatnet under Nordag-utbygginga (sjå Tyskarane satsar på Årdal).

”Solo” var ein av båtane til Peder Kvamme. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

”Solo” var ein av båtane til Peder Kvamme. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Den siste som dreiv passasjerbåt i Vik var Herman Vikøren med båten «Solveig», som var i drift til 1970-talet.

«Sylvarnes» til veglause grender

Fylkesbaatane har dei siste åra drive vare- og passasjertransport frå Vik og vestover til dei veglause grendene på sørsida av Sognefjorden og til Nordeide i Høyanger kommune med båten «Sylvarnes». Båten har og plass til sju personbilar.

Sylvarnes går i rute frå Vik og vestover til Nordeide i Høyanger kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sylvarnes går i rute frå Vik og vestover til Nordeide i Høyanger kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ekspressbåten

mellom Sogn og Bergen starta i 1971, og Vangsnes kom med på ruta frå første dag. Ei tid var også Fresvik med på ekspressbåtruta (sjå Fresvik lenger oppe). Rutestopp i Vik vart nokre år sløyfa, men kom med att frå 1998.

Ekspressbåten Fjordtroll ved kai i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbåten Fjordtroll ved kai i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå også: Ferdsla på Sognefjorden

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.06.2011