Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden og i kystleia ved Gulen

Fjorden og havet var i lang tid den viktigaste ferdsleåra for folk i Gulen. Her er DS ”Gudvangen” fotografert i Rutledal i 1941. Ved sida av fylkesbåten ligg losskøyta ”Lerøy” og ein mindre skyssbåt. Guten på biletet er Harald T. Nikøy. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skysstasjonar

I gamal tid var det skysstasjonar i Skjerjehamn, på Sygnefest og i Brekke. Frå Brekke gjekk skyssen austover til Værholmen ( Handelsstaden Værholmen) vest for Lavik.

I kvar «ende» av Den Trondhjemske postvei var det plassert rorskarar: I Postvåg ved Eide førde ein posten sørover Fensfjorden til Lindås. Frå Rutledal i nord til Leirvik på nordsida av Sognefjorden. I Gulafjordane vart posten rodd mellom Glenja i Eidsfjorden og Haveland i Nordgulen.

Sygnefest var ei viktig jektehamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sygnefest var ei viktig jektehamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamle jektehamner

På sørsida av utløpet til Sognefjorden var Sygnefest (sjå: Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest), Glavær (sjå: Handels- og gjestgjevarstaden Glavær) og Skjerjehamn viktige jektehamner. Også Skottehamna ved Folefotsundet var kjend som ei god hamn. Det same var Vikingvåg på sørspissen av Byrknesøy for siglande som skulle krysse Fensfjorden, og på Fonna kan ein enno finne pollertar der jekter vart fortøya.

Dei siste åra har Sollibotn vest for Eivindvik vore stoppestad for ekspressbåtrutene til og frå Bergen. Vi ser og vegen frå Eivindvik til Dingja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dei siste åra har Sollibotn vest for Eivindvik vore stoppestad for ekspressbåtrutene til og frå Bergen. Vi ser og vegen frå Eivindvik til Dingja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Stoppestader i Gulen

Skjerjehamn vart stoppestad skipa i postrute frå 1839 og vart knutepunkt for dampskipa. Eivindvik fekk rutestopp av dei aller første dampskipa som gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri.

Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap

Den søre luten av Gulen kommune - dvs. frå Furnes, Byrknes og sørover, har sidan 1870-talet vorte trafikkert av dampskipsselskap frå Hordaland.

Ferjesambandet Lavik-Instefjord

opna i 1955. Sjå også: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Ferjesambandet Lavik-Brekke

opna 1965, og Brekke avløyste Instefjord som ferjestad på sørsida. Sjå også: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Hurtigbåtrute til Bergen

Fylkesbaatane bygde hurtigbåten «Solundir» i 1972 og sette den i rute mellom Solund-Gulen-Bergen. Båten var 75 fot lang og gjorde 24 knops fart.

Bilferja ”Sunnfjord” på veg inn til Rutledal ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bilferja ”Sunnfjord” på veg inn til Rutledal ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjesambandet Rutledal-Rysjedalsvika-Krakhella

vart opna i 1975, medan Rysjedalsvika-Krakhella hadde vore i drift sidan 1972. Sjå elles: Bitter strid om Rysjedalsvika.

Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik

(Byrknesøy) vart opna i 1980 og drive av BNR. Då Byrknesøy fekk brusamband i 1997 vart Gråvik sløyfa i som ferjestopp.

Bilferja ”Eidfjord” har klappa til kai i Skipavik på Sandøy. Når brua over Brandangersundet blir teken i bruk blir dette ferjeleiet lagt ned. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bilferja ”Eidfjord” har klappa til kai i Skipavik på Sandøy. Når brua over Brandangersundet blir teken i bruk blir dette ferjeleiet lagt ned. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ekspressbåten til Eivindvik

Eivindvik kom med på ekspressbåtruta Bergen-Sogn i 1989.

Ferjesambandet Lavik-Oppedal

opna 1990 då Europa-vegen Instefjord-Oppedal og avløyste Brekke som ferjestad på sørsida. Sjå også: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Bilferja ”Gloppen” legg til kai på Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bilferja ”Gloppen” legg til kai på Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei første motorbåtane

I 1903 kjøpte kjøpmann Otto Schreuder ein av dei aller første motorbåtane som kom til Sogn og Fjordane.

Kabelferje over Masfjorden

Gulen-firmaet Wergeland Halsvik AS (sjå Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket) har sidan desember 2001 drive ei ferje («Fjon M») med kabeltrekk over munningen på Masfjorden frå Duesund til Masfjordnes. Sundet er 700 meter breidt.

Kystfyr og fyrlykter

- sjå Sea Cat-ulukka i 1991.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.08.2010