Ferdsla på fjorden og vatnet

Dampskipsekspedisjonen på Årdalstangen i den tida båtrutene var det einaste sambandet med omverda det meste av året. © Årdal Sogelag.
Fylkets einaste kanalplan
Både på 1700-talet og på 1860-talet var det planar om å byggje ein kanal i Hæreidselvi frå fjorden og opp til Årdalsvatnet.
Tidleg båtruter på Årdalsvatnet
Frå 1877 vart det organisert fast skyssing av turistar over Årdalsvatnet.
A/S Årdal Dampskipsselskap
- sjå Tidleg båtruter på Årdalsvatnet.

Kaia på Årdalstangen i 1959, før dei gamle kaibygningane til venstre vart rivne. Det er MS “Balholm” som ligg ved kai. I bakgrunnen ser vi Dahls hotell. Foto: Aage W. Owe/Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.
Fylkesbåtrutene på Årdal
Årdalstangen fekk dampskipssamband i 1869, 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine.
Skysstrafikk
Olav Lægreid (1878-1966) kjøpte motorbåt i 1912, og var ein av dei første som dreiv skysstrafikk mellom dei veglause grendene langs Årdalsfjorden.

MK ”Rask” var ein av båtane Anfinn Hovland brukte til skuleskyss og arbeidsrute på Årdalsfjorden. Foto utlånt av Kjell Ottar Hovland.
Skuleskyss frå Vikadalen
Frå Vikadalen (Naddvik) dreiv Anfinn Hovland skuleskyss og arbeidsrute til Årdalstangen frå bygdene ute langs fjorden frå kring 1960 og inntil fjordbygdene fekk vegutløysing.
Arbeids- og mjølkeruter til Luster
I 1964 ytte Årdal kommune tilskot til ei dagleg mjølkerute frå Solvorn i Luster til Årdalstangen.

Eit bilete som fortel litt om ferdsla på Årdalsfjorden. MS ”Sunnfjord” gjekk i snøggruta mellom Bergen og Årdalstangen. Årdal og Sunndal Verk eigde båtane ”Storegut” og ”Tya”, og desse var i flittig bruk på 1950- og 1960-talet, ikkje berre for verket, men og i sjuketransport til Lærdal. Fleire årdøler er fødde om bord i ”Tya”. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.
Verket sine «Tya» og "Utla
Då ÅSV vart skipa etter krigen, hadde aluminiumsverket trong for raskare persontransport m.a. til jernbanen i Flåm enn det vanlege båtruter kunne tilby. I 1952 kjøpte verket difor den luksuriøse hurtigbåten «Tya». Båten var i bruk til 1960. Seinare kjøpte ÅSV skyssbåten «Utla» som også var brukt som ambulansebåt. ÅSV eigde og skøyta "Storegut".

Årdal Verk kjøpte den hurtiggåande båten ”Tya” i 1952. Båten vart brukt mellom anna når sjefane på verket skulle på tur og vegen over fjellet ikkje var open. ”Tya” gjekk og mange turar i sjuketransport til sjukehuset i Lærdal. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.
Les meir om samferdsle i Årdal.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 14.04.2011