Veitastrond er ei bygd ved Jostedalsbreen nasjonalpark i Luster kommune i Vestland fylke. Bygda ligg ved nordenden av Veitastrondvatnet med 123 innbyggjarar (2018).
Veitastrond er ei stor jordbruksbygd som er rasutsett og har hatt ein del fråflytting. Rassikring er påbyrja med tunnel og skredvoll. Det går fotruter til Fjærland og over Jostedalsbreen til Fonn i Jølster. Bygda ligg ved Tungestølen. Det er fylkesvegsamband til Soknefjellvegen på riksveg 55 ved Hafslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.