Hopp til innhold
X
Innhald

Ferja Dale-Bygstad-Eikenes

Ferjekaia i Dale. Fram til 1958 gjekk det ferje herifrå til Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia i Dale. Fram til 1958 gjekk det ferje herifrå til Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten «Fagervik» på Dalsfjorden mellom Eikenes-Dale-Bygstad. Med eit påbygd «bildekk» kunne båten frakte inntil fire bilar på tvers av dekk. På kaiane var det rigga til sterke bommar som heldt ein enkel «ferjelem» for om bord- og i landkøyring.

Ruta gjekk berre tre månader om sommaren dei første åra, og på billetten fekk passasjerane spesifisert kva ferjetur og «bryggeavgift» kosta.

Olav Liabø starta like før krigen ei passasjerførande vinterrute Eikenes-Dale-Bygstad med «Dagning», men måtte innstille då 2. verdskrig braut ut. Broren Ingolf tok opp att same ruta med passasjerbåten «Fram» like etter krigen.

Ferjekaia i Dale. Fram til 1958 gjekk det ferje herifrå til Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia i Dale. Fram til 1958 gjekk det ferje herifrå til Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1948 kom ferjetrafikken i gang att med dei bilførande båtane «Arnafjord» frå Sogn og seinare «Kvik IV» frå Telavåg.

I 1952 tok Ola og Mads Halsnes over rute- og ferjetrafikken på Eikenes-Dale-Bygstad med «Varden II». Denne ruta gjekk som heilårsrute i regi av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane heilt fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Sidan har Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (seinare Fjord1 Fylkesbaatane) trafikkert ferjeruta Dale-Eikenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011