Ferje og bru over Loftesnessundet
Etter 20 år med Loftesnesferja stod Loftesnesbrua ferdig i 1958. Foto: Leiv Bergum. Eigar: Magnar Flåten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Frå gamal tid har det vore lokale skyssmenn som sette ferdafolk og fe over det smale Loftesnessundet som stryper seg mellom Sogndalsfjorden utanfor og Barnesfjorden innanfor.
Før Loftesnesferja kom i 1938 var det denne farkosten som frakta folk og fe over sundet.
Fast ferjemann
På Nestangen vest for sundet budde det på 1700-talet strandsitjarar som delvis livnærte seg som ferjemenn. Då kjerrevegen Kaupanger-Loftesnes var ferdig i 1847, bygde vegstellet skikkelege kaier og tilsette fast ferjemann.
Ein av dei som tente som ferjemann lengst, var Jon Olsson Loftenes (fødd 1863). Han var ferjemann frå 1886 til fram på 1930-talet.
Kaia på Loftesnes der ferja la til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kabelferje
Frå 1938, då nyevegen til Kaupanger var ferdig, og til 1958, vart skyssinga ordna med ei kabelferje. Dette var den første spesialbygde «bilferja» i Sogn og Fjordane, og var det første skipet som vart bygt ved Løland Verft i Leirvik i ytre Sogn.
Lengste brua
Kabelferja vart lagd ned då den nye brua med eit spenn på 210 meter vart opna over Loftesnessundet i 1958. Loftesnesbrua var det første bompengeprosjektet i Sogn og Fjordane, og var den lengste brua i fylket heilt til Måløybrua opna i 1974.
Ny bru
I 2013 vart det løyvd pengar til ny bru over Loftesnessundet. Bygginga skulle etter planen ta til i november 2014, men på grunn av mykje lausmassar i sundet kjem anleggsarbeidet truleg ikkje i gang før hausten 2015.
Loftesnesbrua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.06.2015