Ferjebygda Vangsnes

To ferjer med Vangsnes i bakgrunnen. Biletet viser mellom anna ”tunnelane” som bringebærdyrkarane på Vangsnes har over bærbuskane sine. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vangsnes fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og Lars L. Vangsnes var ekspeditør og postmann.
Den første ferja som gjekk til Vangsnes, var ferjeruta som frå 1945 vart sett opp mellom Nordeide i Høyanger og Leikanger.
Ferjesambandet Vangsnes-Grinde-Balestrand
vart opna i 1952, men før den tid hadde også ferja som gjekk mellom Vetlefjorden og Grinde før vegen til Balestrand var ferdig, nokre daglege turar over fjorden til Vangsnes.
Ferjesambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella
vart opna i 1956 då vegen frå Grinde til Hella var ferdig. Same året opna Vikafjellsvegen, og trafikken auka sterkt. Dette trekantsambandet er framleis eitt av dei største i fylket.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 15.06.2011