Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjesamband mot Årdal

Kaupanger ferjekai på 1960-talet.

Kaupanger ferjekai på 1960-talet.

Mellom Kaupanger og Årdal vart det sett opp bilferje frå 1957. Før den tid hadde biltransporten til og frå Årdalstangen gått føre seg på ordinære rutebåtar.

Ferjereisa Kaupanger-Årdalstangen tok 1 time og 20 minuttar, og ferja gjekk også opp under Naddvik og Ofredal før desse bygdene ved Årdalfjorden fekk vegutløysing.

I 1993 vart ferjestrekninga nedkorta då vegen fram til det nye ferjeleiet på Fodnes ved utløpet av Årdalsfjorden vart opna.

Ferja trafikkerte så Kaupanger-Fodnes fram til 1995, då den nye Amlatunnelen (2969 meter) og ferjeleiet på Mannheller vart opna, og ferjestrekninga på riksveg 5 vart korta ned til Manheller–Fodnes - sjå: Betre ferjesamband mot Lærdal og Gudvangen.

Ferjekaia på Fodnes med Mannheller på andre sida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia på Fodnes med Mannheller på andre sida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011