Fiskeritelegrafen i Bremanger

Dette biletet er teke ca. 1880 i Kalvåg. Hamna er full av sildebåtar. På denne tida hadde Kalvåg alt nokre år vore knytt til den såkalla fiskeritelegrafen.
Kalvåg vart knytt til den såkalla «Fiskeritelegrafen» i 1864.
(sjå Fiskeritelegrafen varsla sild). Det var ei telegrafline som dei første åra berre var open i vårsild-tida om vinteren. Dei første åra vart telegrafen berre eit internt varslingssystem i fiskeværa kring Florø, men i 1866 vart det bygt telegrafline nordover frå Bergen som m.a. knytta Florø til landsnettet.
Men Kalvåg og Måløy måtte vente på landtilknyting til 1869, då det vart bygt telegrafline sørover frå Ålesund.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.04.2010