Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeriveg Vågsvåg–Torskangerpoll

Torskangerpoll fekkk veg over høgda til høgre i biletet til Vågsvåg i 1892. Foto: Arild Nybø, NRK.

Torskangerpoll fekkk veg over høgda til høgre i biletet til Vågsvåg i 1892. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 1892 vart det bygd ein såkalla «fiskeriveg» mellom Vågsvåg og Torskangerpoll.

Dette hadde samanheng med at det store torskefisket på denne tida først og fremst gjekk føre seg i Torskangerpoll og på Kvalheimsvika, medan det meste av fisketilvirkinga og utskipinga av fisken gjekk føre seg frå dampskipskaia i Vågsvåg.

Vegen vart også nytta til å frakte mindre båtar over skaret mellom dei to bygdene under fiskesesongane, slik at dei slapp å ro over ope hav fram vestom fjellet Hesten for å kome seg frå Vågsvåg til Torskangerpoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.04.2010