Hopp til innhold
X
Innhald

Fisketelegrafen i Måløy

Moldøen ca. 1900.

Moldøen ca. 1900.

Moldøen var den første staden i Nordfjord som fekk telesamband då handelsstaden på øya i Måløysundet fekk telegraf i 1864. Dette var ein såkalla ”fisketelegraf” som berre var i drift to månader i sesongen om vinteren. Same ordninga fanst også i Florø og Kalvåg.

Tanken med desse fiskeritelegrafane i fiskeværa var at ein raskare kunne kommunisere mellom fiskeværa innbyrdes og samstundes få meldt fangstar til kjøparane andre stader i landet.

Frå 1866 var det fast telegrafstasjon på Moldøen, og denne vart i 1874 flytta frå Moldøen til Måløy.

Måløy fekk privattelefon i 1893 - innløyst av Telegrafverket kring 1918.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.04.2010