Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellvegen Årdal-Tyin vart turistattraksjon

Turistbilane ventar medan cruiseturistane et lunsj på Tyin Høifjellshotell ein gong på 1930-talet. Ukjend fotograf.

Turistbilane ventar medan cruiseturistane et lunsj på Tyin Høifjellshotell ein gong på 1930-talet. Ukjend fotograf.

Denne annonsen for Tyin Høifjellshotell i KNA si rutebok for 1938 lokkar med at hotellet ”er startstedet for den uforglemmelige biltur Tyin-Årdal”. Under biletet av vegen står det ”Europas mest fantastiske bilvei”.

Overlandsturar

Fjellvegen mellom Årdal og Tyin vart straks ein stor turistattraksjon då den opna i 1934. Den opna m.a. for at cruiseturistar kunne nyte den til såkalla overlandsturar mellom Lærdalsøyri og Årdalstangen.

Store turistskip

Alt i 1935 kom det store turistskip – som ein den gongen kalla ”flytande hotell”. Skipa ankra opp anten utanfor Årdalstangen eller Lærdalsøyri. Cruiseturistane reiste så på ein overlandtur med bussar og personbilar. På turen stoppa dei for lunsj på Tyin Hotell.

Medan turistane var i land, flytta skipet seg til den andre fjordarmen slik at turistane vart plukka opp og frakta om bord att etter rundturen over fjellet.

Stansa av krigen

Denne cruiseskipstrafikken til Årdal og Lærdal med overlandturar tok ein brå slutt då 2. verdskrig braut ut.

Vel eitt år etter at vegen opna starta Ingeleiv Ørbeck Vee kafé og kiosk på «1000-meteren», på Heirsnosi, der det er eit praktfullt utsyn ned mot Øvre Årdal og innover i Vest-Jotunheimen. Seinare overtok Ola Vee drifta av kiosken, som var i drift til vegen vart lagd om i 1962.

Turistskipet ”Viceroy of India” utanfor Lærdalsøyri i 1936 eller 1937. Ukjend fotograf.

Turistskipet ”Viceroy of India” utanfor Lærdalsøyri i 1936 eller 1937. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 18.12.2012