Hopp til innhold
X
Innhald

Flyplassen på Bringeland

Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flyplassen i Førde vart bygd på Øyrane i Førde i 1971, og vart ein del av kortbanenettet Widerøe. Men småflyplassen låg trangt til i industriområdet på Øyrane, og vart rekna som mellombels.

Flyplassbygningen på Bringeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flyplassbygningen på Bringeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter at fleire alternativ var vurderte, fall valet på Bringeland i Gaular då det skulle byggjast ny flyplass i indre Sunnfjord. Flyplassen vart opna 30. august 1986 av statssekretær Åshild Bendiksen. Det offisielle namnet er: Førde Lufthamn, Bringeland.

Widerøes Flyveselskap ASA

Widerøes Flyveselskap har heilt sidan starten av kortbanerutene på Vestlandet vore det dominerande ruteflyselskapet i Sogn og Fjordane, og hadde i 25 år hovudbasen for Vestlandet i Florø. I 1999 vart basen flytta til Bringeland, men i 2012 flytta Widerøe den tekniske basen tilbake til Florø etter at selskapet vann tilbake konsesjonen på ruteflyging derifrå.

Helikopterselskapet Airlift AS vart grunnlagt av Torbjørn Lie i 1986, og hadde dei første åra base på Øyrane i Førde, før det i 1988 flytta til Bringeland.

Eit Widerøe-fly tek av frå Førde Lufthamn. Foto: Gunn Evy Auestad, NRK.

Eit Widerøe-fly tek av frå Førde Lufthamn. Foto: Gunn Evy Auestad, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.07.2012