Hopp til innhold
X
Innhald

Flyruter

Tidleg på 1960-talet starta Bergens Tidende distribusjon av aviser til Sogn og Fjordane med sjøfly.

Avisflyet gjekk dagleg til Måløy, og vart også nytta som passasjerfly. I august 1965 starta Solbergfly (sjå Thor Solberg ) ei sjøflyrute Bergen-Florø-Måløy. Men ruta fekk liten trafikk frå Måløy og vart lagd ned etter kort tid. Folk nytta heller den betre innarbeidde avisruta. På 1990-talet fekk Måløy eigen «flybåt» – hurtigbåt til og frå flyplassen i Florø.

På 1990-talet vart det også lansert planar om ei helikopterrute frå Måløy til ein av stamflyplassane på Vestlandet, utan at det vart noko av.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2008