Hopp til innhold
X
Innhald

Første bilen i Eivindvik

Eivindvik på 1930-talet. Først i 1966 fekk kommunesenteret vegsamband med omverda. Fram til då gjekk nesten all transport til og frå via kaia. Ukjend fotograf. Eigar: Leif O. Nordgulen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eivindvik på 1930-talet. Først i 1966 fekk kommunesenteret vegsamband med omverda. Fram til då gjekk nesten all transport til og frå via kaia. Ukjend fotograf. Eigar: Leif O. Nordgulen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Utanom Hardbakke i Solund, er nok Eivindvik det kommunesenteret i Sogn og Fjordane som måtte vente lengst på «bilalderen»: Den første bilen kom ikkje til bygda før i 1951: Det var Odd Midttun som då skaffa seg ein liten lastebil - ein 1938-modell av merket «Fargo».

Fem år seinare skaffa distriktslege Jens Fischer den første personbilen som rulla på den to kilometer lange vegstubben i Eivindvik. Bygda fekk ikkje vegsamband med resten av kommunen før i 1966, så det var ikkje meir enn ein vel tre kilometer lang vegstubb som Midttun og distriktslegen hadde å boltre seg på på 1950-talet!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2010