Hopp til innhold
X
Innhald

Første bilferja

Årholen, der det gjekk ferje over Innfjorden til Faleide og ut til Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årholen, der det gjekk ferje over Innfjorden til Faleide og ut til Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første bilferja i Sogn og Fjordane vart starta mellom Utvik, Faleide og Årholen i 1932. Årholen eller Holen ligg mellom Olden og Innvik. Ferja vart det første året drive privat av Rasmus Svarstad med Kristoffer E. Svoren som mannskap.

Fylkesbaatane tok over ferjedrifta i 1933. Ferja vart lagd ned då riksvegen Olden-Innvik opna i 1936 og det vart samanhengande bilveg rundt inste fjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009