Hopp til innhold
X
Innhald

Frå hesteskyss til rutebildrift

Hesteskyss på veg ned frå Strynefjellet med Videseterfossen i bakgrunnen. Ukjend fotograf.

Hesteskyss på veg ned frå Strynefjellet med Videseterfossen i bakgrunnen. Ukjend fotograf.

Hesteskyss til Otta

Strynefjellsvegen vart opna i 1894, og då Gudbrandsdalsbana vart opna fram til Otta i 1896, var det mange stryningar som vart skysskuskar på strekninga frå Hjelle i Oppstryn og over til Ottadalen. På denne strekninga låg det fleire skysstasjonar. Vestfor fjella var det skysstasjon på Videseter der hotellet seinare vart bygd, og på austsida av Strynefjellet låg neste skysstasjon på Grotli. Turistskyssinga over fjellet gjekk med hest og kjerre også ei tid etter at dei første automobilane vart sette inn i trafikken frå 1910 og utover.

Hesteskysslaga

i indre Nordfjord vart skipa på slutten av 1800-talet, og kunne frakte opptil 1200 passasjerar dagleg opp til vatna i Lodalen og Oldedalen. Der vart turistane frakta med dampbåt inn til inste enden av vatna, og derifrå var det ny hesteskyss opp til bréen. Hesteskysslaget i Oldedalen eksisterer framleis, men har etter fleire uhell som også har fått dødeleg utgang, bytt ut hestevognene med små motorkøyrety.

Turistar blir skyssa med hest og vogn frå Olden til Oldevatnet rundt 1900.

Turistar blir skyssa med hest og vogn frå Olden til Oldevatnet rundt 1900.

Planar om bilrute alt i 1899

I 1899 tok hotelleigar Peter O. Tenden i Stryn opp tanken om å starte den første bilruta i Sogn og Fjordane. Den skulle gå mellom Faleide, Mindresunde ved Strynevatnet og dampskipskaia og hotella på Visnes. Dette var to år før ein hollendar trilla den første bilen inn i fylket over Filefjell (sjå Lærdal kommune). Men Tenden la bort idéen fordi han ikkje fann høveleg bil. Seinare vart den same Peter O. Tenden ein sentral initiativtakar og styreformann då Fjordenes Automobilselskap vart skipa i 1914 og starta biltrafikk på ruta Vadheim-Førde-Sandane. Fjordenes Automobilselskap var forløparen til Firda Billag.

To turistskip til anker i Loen ca. 1900.På kaia står hestekjerrene klare.

To turistskip til anker i Loen ca. 1900.På kaia står hestekjerrene klare.

Turistbilrutene over Strynefjellet

Den første automobilruta over Strynefjellet vart sett i drift i 1912. Det var hotelleigar Karl Mjelva ved Union Hotell i Geiranger som var føregangsmannen framfor nokon for desse rutene. Den bilinteresserte Mjelva kjøpte tre sjuseters bilar frå Opel i Tyskland og fekk dei spesialbygde slik at dei kunne ta dei krappe svingane på turistvegane i Stryn og Geiranger. Han fekk med seg Arne Berstad og hotelleigarane Thor Hjelle i Oppstryn og Markus Loen i Loen, og i 1912 starta lutlaget deira den første bilruta over Strynefjellet, utan å ha søkt om konsesjon. Det vesle billaget møtte mykje motstand frå arge bønder som klaga over at bilane uroa beitedyra, og bilpionérane gav seg for ei tid.

Medan turistane får lunsj på Videseter, tek sjåførane ein pust i bakken. Biletet er teke på 1920-talet av ukjend fotograf.

Medan turistane får lunsj på Videseter, tek sjåførane ein pust i bakken. Biletet er teke på 1920-talet av ukjend fotograf.

Overland-turar Stryn-Geiranger

Då vegen langs Strynevatnet vart opna i 1922 slik at det vart samahengande køyreveg heilt frå Nordfjorden og til Grotli, vart det starta såkalla overland-turar – d.v.s. at ein samla eit stort fylgje med hotellbilar og billagsbilar til å skysse turistane frå Stryn via Grotli til Geiranger. Ofte måtte ein spe på med innleigde privatbilar så langt unna som frå Måløy for å ta unna dei største turistgruppene som kom med dei flytande hotella. Etter 1965 gjekk ein over til berre å bruke buss på denne overland-køyringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011