Fylkets einaste kanalplan

På 1860-talet sysla dei med planar om å gjere Hæreidselvi om til ein båtkanal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Før jernbanen fekk det store gjennombrotet som transportmiddel i siste halvdel av 1800-talet, ville styresmaktene i Noreg løyse problemet med tungtransport til innlandet med eit nett av skipskanalar.
Eit statleg «kanalselskap» planla skipskanalar djupt inn i Austlands- og Sørlandsdalane. Dei mest kjende er Bandak-kanalen i Telemark (fullført 1892) og kanalsystema i Haldenvassdraget. Som vassdragregulantar vart kanalselskapet forløparen til det som seinare vart Norges Vassdrags- og Energiverk, NVE, skipa i 1921.
Årdal råka av «kanalfeberen»
Den einaste staden i Sogn og Fjordane som vart råka av «kanalfeberen», var Årdal. Det skjedde på 1860-talet, då ein bygde «båtrenne» frå fjorden til Årdalsvatnet.
Men dette var ikkje første gongen det kom på tale å gjere Hæreidselvi meir farbar: Også i koparverkstida på 1700-talet var det aktuelt å reinske opp elva slik at ein kunne drage større farty opp til vatnet og dermed lette transport av gods til og frå smeltehytta i Øvre Årdal.
Båtrenna
På oppdrag frå kanaldirektøren arbeider ingeniør Riis i 1863 ut planar og kostnadsoverslag for «Hæreidselvens Farbargjørelse», og i 1866 vart spørsmålet om ei «båtrenne» frå fjorden til Årdalsvatnet lufta i kommunestyret.
Skipskanalen
På 1890-talet vart det lansert nye kanalplanar av heilt andre dimensjonar enn den smale båtrenna frå 1860-talet: No var det aktuelt å byggje veg Årdal-Valdres. Men å byggje veg i dei stupbratte fjellsidene langs Årdalsvatnet var utenkjeleg. Ein skipskanal med sluser frå fjorden og opp i Årdalsvatnet ville vere løysinga.
Les meir om samferdsle i Årdal.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 13.04.2011