Fylkets første bilrute

På same vis som det var hotelleigarane som la grunnlaget for dei første rutebilane i Nordfjord og Sunnfjord, så var det hotelleigarane i Lærdal som var bilpionerane aust i fylket:
I 1909 søkte hotelleigarane Johan C. Lindstrøm frå Lærdalsøyri, Anders Eggum og Anders Maristuen frå Borgund og Ivar Oppdal frå Valdres om å få starte rute med to automobilar mellom Lærdal og Fagernes. Men Lærdal og Borgund kommunestyre rådde på «det bestemteste ifra at andragendet innvilges». Det nye tranportmiddelet vart her som elles i fylket sett på som ei plage og ein konkurrent til ei vel innarbeidd næring for dei som dreiv hesteskyss.
I to tredjepartar av landet var det på denne tida sett totalforbod mot bilkøyring. Men dei framsynte hotelleigarane trassa dei folkevalde og kjøpte inn to personbilar som i 1909 vart sette inn i fylkets første bilrute over Filefjell. I 1911 hadde selskapet A/S Valdresruten 10 bilar i drift. Dei første åra tok det 11 timar å køyre Lærdal-Fagernes, inkludert innlagt middagspause.
Hestekarane hadde lite å stille opp mot den nye utfordraren: Same strekninga med hesteskyss tok mellom 2 og 3 dagar. I 1919 vart Valdresruten slegen saman med Jotunheim Bilselskap til A/S Jotunheimen & Valdresruten Bilselskap.
Les også om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 11.05.2011