Gamal jektehamn

Bryggja frå lufta med Flotøyna midt i biletet. Foto: Stig Silden.
Bak Flotøyna ved Bryggja er det ei lun hamn som vart brukt som jektehamn i gamle dagar. Her samlast Nordfjord-jektene for å vente på god seglbør til Bergen.
I berga kan ein framleis sjå merke etter landfesta. Tilsvarande hamner der jektene samla seg, finn vi i Kvamsøy (sjå under Balestrand kommune), Klævoll (sjå Klævoll - det første senteret) og Skjerjehamn under sjå Gulen kommune). Opptil 20 jekter kunne vere samla bak Flotøyna.
Når nordavinden vart høveleg, sigla jektene til Rugsund, der dei vart dregne med handemakt gjennom den smale straumen. Dette vart kalla «å landgå».
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.04.2010