Gamle driftevegar i Balestrand

Årleg vart eit par tusen dyr drivne gjennom Sværeskaret. Foto: Arild Nybø, NRK.
Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Også mellom Jølster og Haukedalen i Sunnfjord og til Vetlefjorden var det ferdsleveg over Vareggi, men det er uvisst om denne vart brukt til fedrifter.
2000 dyr for året
Fedriftene gjennom Sværeskaret hadde stort omfang. År om anna vart det sendt kring 2000 dyr over Sværen. Driftekarane som gjekk Sværeskaret hadde beiterett både på Torsnesstøylen og nede i Sværen. På glatte fjellsva i skaret gjekk dyra ofte utfor, og difor vart det slege boltar i fjellet og lagt ut stokkar for å hindre ulukker.
Alt i 1847 gjorde ordførar i Sogndal framlegg om at det måtte byggjast veg over Gaularfjellet for å lette fedriftene frå Sunnfjord til Sogn (sjå Gaularfjellsvegen).
Gjestfrie stølseigarar
På Torsnesstøylen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Men diverre var Sværeskaret også ferdsleveg for uærlege folk.
Båtfrakt av feet
I Sværefjorden vart feet lasta ombord i jekter eller robåtar og frakta over Sognefjorden - antan til Vik, Flåm, Aurland eller Lærdal.
Bondehøvdingen som fraus ihel
- om Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom i Sværeskaret i 1706.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.07.2011