Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle driftevegar i Naustdal

Instedalen sett frå fjellområdet mellom Ramsdalsheia og Blåfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Instedalen sett frå fjellområdet mellom Ramsdalsheia og Blåfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå gamalt gjekk det drifteveg frå Nordfjord til Sogn over Instedalen i Naustdal. Fehandlarar kom frå Hyen opp Gjengedalen, over Instedalen og vidare gjennom Trodalen mot Angedalen i Førde.

Frå Førde heldt krøterdriftene fram over Viksdalen og Svære-skaret til Sværefjorden i Sogn. Derfrå vart krøtera førde med jekter til Indre Sogn (sjå Aurland kommune) for vidare driving til marknaden på Austlandet.

Frå Åmot i Naustedalen gjek det også ein rideveg over til Hyen. På 1890-talet utgreidde vegsjefen tre alternativ for ein ny sambandsveg frå Sunnfjord og over til Hyen. To av dei gjekk frå Naustedalen, men det var til slutt veglina frå Storebru og nordover som vann fram.

Før vegen til Førde kom langs fjorden, gjekk den gamle drifte- og ferdslevegen til Førde gjennom Åsedalen. Den gamle råka gjekk frå garden Åse, kryssa elva ved Blombrekka og gjekk vidare til Einestølen, gjennom Hesjedalen der SUMIL seinare bygde bossanlegg, og ned til garden Rotenes ved Førdefjorden.

Ferdslevegen til Førde gjekk gjennom Åsedalen og Hesjedalen før vegen langs fjorden opna i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdslevegen til Førde gjekk gjennom Åsedalen og Hesjedalen før vegen langs fjorden opna i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2009