Faktaboks

Etymologi

norrønt Lústr' den lyse'

Uttale

lust'er

Administrasjonssenter
Gaupne
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
5 246 (2022)
Landareal
2 597 km²
Høgaste fjell
Storen (2406 moh.) på grensa til Årdal
Innbyggjarnamn
lustring
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4644 (frå 01.01.2020, tidlegare 1426)

Kommunevåpen

Kart: Luster kommune i Vestland
Luster kommune i Vestland fylke.
Kart: Luster kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Luster

Bergset i Krundalen. I bakgrunnen ser ein Bergsetbreen, eit utløp av Jostedalsbreen.

Av /KF-arkiv ※.

Luster er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg rundt Sognefjorden si inste, nordgåande og vel 40 kilometer lange arm Lustrafjorden.

Luster omfattar fjellområda opp til ryggen av Jostedalsbreen i vest, til fylkesgrensa mot Innlandet i Breheimen i nord og ein del av Vest-Jotunheimen i aust. I Luster ligg Fannaråki og den nordlege delen av Hurrungane.

I 1963 vart kommunen slått saman med Hafslo og Jostedal, og etter denne samanslåinga vart Luster den største kommunen i fylket.

Natur

Lustrafjorden 2013

Lustrafjorden.

Store delar av kommunen er høgfjell, i Breheimen, og Jotunheimen. Den nordlege delen av den ville fjellkjeda Hurrungane ligg i kommunen. I nordvest er berggrunnen sett saman av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. I søraust er det overskyvde sterkt omdanna prekambriske djupbergartar. Dette Jotundekket dannar dei høgaste partia til kommunen: Hurrungane med Store Skagastølstind ragar 2405 meter over havet og er Noregs tredje høgaste fjell.

I overgangssona mellom gneisen og skyvedekka finst ei smal sone med omdanna kambrosiluriske skifrar. Desse finst frå Hafslovatnet til Gaupne og vidare langs vestsida av Lustrafjorden til Fortundalen innanfor. Skyvedekka har bratt fall mot skifrane i nordvest, og sidedalane frå aust er derfor korte og bratte. Frå vest er dei lengre og har større vassføring.

Det finst fleire mektige breparti, særleg i nordvest der vasskilet på Jostedalsbreen dannar grensa mellom Luster og Stryn: I nord ligg Spørteggbreen, Harbardsbreen og Liabreen. I søraust finst Fannaråki. Luster har størst breareal av kommunane i landet.

I den vestlege delen av kommunen ligg ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark, og i aust ligg Hurrungane, som utgjer vestre del av Jotunheimen nasjonalpark.

Busetjing

Dei fleste av innbyggjarane i Luster bur langs vestsida av Lustrafjorden og ved Hafslovatnet heilt i sørvest. Tettstaden og administrasjonssenteret Gaupne ligg inst i Gaupnefjorden, som er ein nordvestgåande arm av Lustrafjorden. Den andre tettstaden til kommunen er Hafslo ved østenden av Hafslovatnet.

Folketalet i kommunen har stort sett hatt samanhengande nedgang etter andre verdskrigen, men tiårsperioden frå 2006 til 2016 viste ein auke på 4,2 prosent mot 2,7 prosent i fylket samla sett. Fram mot 2050 er det forventa negativ vekst i befolkningsutviklinga i kommunen.

Kart over Luster kommune
Kart over Luster kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk er ein sentral næringsveg. Dei største samanhengande landbruksareala er i sørvest. Husdyrhald (storfe, sau og til dels geit) er dominerande driftsform. Sauehaldet er størst blant kommunane i fylket. Det er òg mykje bær- og fruktdyrking i fjordstrøka, med det største bærarealet blant kommunane i fylket. Nærleiken til naturen har gjort reiseliv og turisme til ein viktig næringsveg, men jordbruk er framleis den største næringa.

Avverking av tømmer, hovudsakleg gran, utgjorde 1738 kubikkmeter i 2018. Det finst noko industri i Gaupne (grafisk, metallvare- og betongvareindustri), Dale (trevareindustri) og Hafslo (mekanisk verkstad).

Luster er den åttande største kraftkommunen i Noreg, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 3060 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 14 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 967 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Skagen kraftverk, Jostedal kraftverk, Leirdøla kraftverk og Herva pumpekraftverk. Mørkrisdalselva er varig verna mot kraftutbygging.

Samferdsel

Hovudveg gjennom kommunen er riksveg 55 Soknefjellvegen som går langs vestsida av Lustrafjorden. Denne vegen er stengd over fjellet om vinteren. Frå Gaupne går riksveg 604 opp Jostedal. Frå Hafslo går fylkesveg 5641 langs Hafslovatnet og Veitastrondvatnet inn mot Jostedalsbreen. Elles går fylkesveg 331 på austsida av Lustrafjorden frå Skjolden via Urnes til Kinsedal.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Luster høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Luster kommune svarer til dei åtte sokna Dale, Fet/Joranger, Fortun, Gaupne, Hafslo, Jostedal, Nes og Solvorn i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Luster til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Luster

For statistiske formål er Luster kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 35 grunnkrinsar:

  • Lustrafjorden: Mørkrid, Bjørk, Fortun, Bolstad, Fjøsne, Kvåle, Dalsdalen, Dale, For, Flahamar, Nes, Kroken, Sørheim, Breheimen, Hurrungane
  • Hafslo: Ornes, Solvorn, Joranger, Fet, Ugulen, Molland, Galden, Kjos, Beheim, Alme, Heggestad
  • Jostedalen: Mjølverdal, Krundal, Kreken, Sperle, Myklemyr, Alsmo/Dalane, Røneid, Gaupne, Sandvik

Historikk og kultur

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje.

Luster har mange monalege funne frå jernalder og vikingtida, mellom anna graver med rike funn og dessutan tufter etter eit 40 meter langt hus på Modvo i Hafslo.

Kommunen har fleire mellomalderkyrkjer. Mest kjent er Urnes stavkyrkje på austsida av Lustrafjorden, som blir rekna for den eldste stavkyrkja i landet. Kyrkja har delar frå 1000-talet og si noverande form frå 1100-talet, og er på UNESCO si liste over dei mest verneverdige minnesmerka i verda. Fortun stavkyrkje er flytta til Bergen (Fantoft stavkyrkje). Dale kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet.

Kommunen har stor turisttrafikk med fleire større hotell ved riksveg 55, særleg ved fjorden. Både Breheimen og Vest-Jotunheimen er blant landets mest brukte fotturområde. Det tidlegare sanatoriet, psykiatriske sjukehuset og asylmottaket Harastølen ligg ovanfor Luster på 500 meter over havet. Sidan midten av 1990-talet har både hovudbygningen og nabohusa på Harastølen stått tomme, men i 2018 var planane klare for renovering og ombygning til hotell. Krokenhuset på austsida av Lustrafjorden frå 1782 tilhøyrde målaren Gerhard Munthe og var eit senter for kunstnarar og forskarar på midten av 1800-talet. I dag er Krokenhuset kulturhus.

I 2008 vart Luster av Dagens Næringsliv kåra til den beste kommunen å bu i.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har eit linderanke i sølv lagt i sirkel mot ein blå bakgrunn. Symbolet er henta frå treskjeringar i Urnes stavkyrkje.

Namn

Namnet er opphavleg eit fjordnamn, norrønt (H)lustr, truleg den varmen, milde, eventuelt den rolege, samanlikna med Årdalsfjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Lars Erik Øyane og Terje Mikael Hasle Joranger, Gards- og ættesoge for Luster kommune, 1984–2013, elleve bind.
  • Laberg, Jon: Luster : bygd og ætter, 1926.
  • Laberg, Jon: Hafslo : bygd og ætter, 1926.
  • Øvregard, Kåre: Skulen i Luster gjennom 250 år : kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane, 1996.
  • Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune, 1999.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg