Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdsle- og driftevegar i Vik

Dette fotoet er frå 1940-talet, og det er Lars P. Hove og Hans Systad som driv buskapen sin over Langafonni på veg mot Vikjadalen. Slik kan vi og tenkje oss at fedriftene over Vikafjellet gjekk i eldre tider. Ukjend fotograf. Eigar: Gudny Svendsen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette fotoet er frå 1940-talet, og det er Lars P. Hove og Hans Systad som driv buskapen sin over Langafonni på veg mot Vikjadalen. Slik kan vi og tenkje oss at fedriftene over Vikafjellet gjekk i eldre tider. Ukjend fotograf. Eigar: Gudny Svendsen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå eldgamle tider var det ferdslevegar mellom Vik og Voss over Vikafjellet. Ei anna gamla ferdslerute var frå Fresvik og sørover fjella mot Jordalen og Stalheim. Ein av dei viktigaste driftevegane for fedrifter gjekk over Gaularfjellet og ned Sværeskaret ved Balestrand (sjå "Gamle driftevegar i Balestrand").

Derifrå vart feet frakta med båt til Lærdal, Aurland, Flåm eller Vik. Når feet vart ført med båt innover fjorden, var det ikkje uvanleg at flokkane vart sette i land i spesielle hamnehagar for å beite. Desse hamnehagane for fedrifter låg i Borlaugskroken aust for Feios, og ved Njøsaholten på nordsida (sjå Samferdsle i Leikanger).

Fedrifter over Vikafjellet

Fedrifter som vart sette i land i Vik, vart drivne over Vikafjellet til Hallingdal etter ruta Bøadalen-Myrkdalen-Årmot-Steinset-Haug-Brandsetdalen-Oppset-Vossaskaret-Grøndalane-Hallingskeid, og derfrå vidare til Austlandet.

I Vik var det fleire kjende hestehandlarar - m.a. Ola O. Stadheim, Ola J. Tryti og broren Per J. Tryti, Ola O. Stadheim, Knut Grønsberg, far og son Ola og Anders Valsvik, Ola Persson Midlang og sønene Per, Jon, Ivar og Ingvald, og eit par karar som seinare flytta over fjorden til Sværen og Vetlefjorden: Markus Sjurson Hove (Ulvestad) og Nils Åfedt (Sværen).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010