Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdslevegar frå Veitastrond

Ragnar Vigdal losa dei engelske soldatane frå Veitastrondi via Snauedalen (biletet) til Fjærland og vidare over Jostedalsbreen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ragnar Vigdal losa dei engelske soldatane frå Veitastrondi via Snauedalen (biletet) til Fjærland og vidare over Jostedalsbreen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Supphelledalen i Fjærland var det gamal ferdsleveg gjennom Snauedalen til Veitastrond. Under 2. verdskrig kom fjærlendingar denne vegen på ostehandel.

Her gjekk også postopnaren i Veitastrond for å hente post når det ikkje var mogeleg å ta seg ned til Hafslo over Veitastrandvatnet om vinteren. Mellom Veitastrond og Stardalen i Jølster var det samband over Langedalen, og frå Nesdalen var det også ein gamal ferdsleveg nordover Røysdalen til Tunsbergdalen i Jostedalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011