Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdslevegar i Fjaler

Tross i Dale, der det var skysstasjon. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Tross i Dale, der det var skysstasjon. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Mellom Guddal og Lavik/Lavikdalen gjekk det i gamal tid fleire kløvjevegar. Frå Guddalen til Norevik på sognesida var det gangveg, og det var også ein gamal ferdsleveg frå Guddal til Sygna i Gaular kommune.

Den trondhjemske Postvei i Fjaler

Den Trondhjemske Postvei vart bygd gjennom fylket i 1795. Mellom Sogn og Sunnfjord gjekk vegen frå Leirvik over Skor til Espedal, Rennestraum og Flekke i Fjaler, og derfrå fram til skysstasjonen Tross i Dale sentrum.

Skilt som viser kvar Den trondhjemske Postvei gjekk ved Hellebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skilt som viser kvar Den trondhjemske Postvei gjekk ved Hellebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010