Gate 1 i Måløy

Gate 1 i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hovudvegen i Måløy gjekk frå Sæternes til Gottebergshammaren og vart opna i 1902. Denne vegstubben er i dag kjend som Gate 1.
Gate 1 var lenge prega av at vegen var bygd lenge etter at husa langs gata var bygde hulter til bulter, utan reguleringsplan: Heilt fram på 1960-talet var Gate 1 mange stader så smal at det var vanskeleg for biltrafikken å ta seg fram mellom hus og hagar.
Vågsøy Parkering A/S vart skipa av kommunen i 1988, og det vart innført parkeringsavgift i Gate 1 og på parkeringsplassar i dei sentrale sentrumsstroka i Måløy.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 02.12.2009