Hopp til innhold
X
Innhald

Gaularfjellsvegen

Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årleg vart det ført mellom 600 og 1000 hestar og bufe over Gaularfjellet til Sværefjorden i Sogn. I 1847 gjorde difor ordføraren i Sogndal, Fredrik Christian Juell, framlegg om at ein burde få vurdert å byggje veg over fjellet. I 1853 bad amtstinget om at det vart løyvd pengar til den første Gaularfjellsvegen, men fekk avslag frå Staten.

I 1933 kom Gaularfjellsvegen opp på nytt. Arbeidet starta i 1935, og mykje av anlegget vart utført som såkalla «naudsarbeid» for arbeidslause i dei harde 30-åra. Arbeidslause i hundretal freista å få arbeid på anlegget.

Frå bygginga av Gaularfjellsvegen. Eit arbeidslag ved Skaret med luftig utsikt ned i Vetlefjorddalen. Frå v. Angel Hoff, Johannes Hellebust, Jens Mjell og Arne Mjell. Ukjend fotograf. © Eigar: Arne Mjell/Fylkesarkivet.

Vegen vart driven frå begge sider, og på sognesida var det m.a. fleire arbeidslag frå Årdal, som var hardt råka av arbeidsløyse etter at Tyinfalla hadde trappa sterkt ned anleggsdrifta der (sjå Årdal: «Naudsarbeid»). Fleire av svingane på Sognesida har namn etter desse arbeidslaga frå indre Sogn.

Gaularfjellsvegen vart opna for trafikk i 1938. Høgste punktet på Gaularfjellsvegen ligg 748 m.o.h.

På endepunktet for vegen i Vetlefjorden vart det sett opp bilferje til Grinde i Leikanger kommune og til Balestrand. Denne ferja gjekk til 1956, då vegen frå Vetlefjorden og fram til det nye ferjeleiet i Dragsvik var ferdig.

Det høgste punktet på riksveg 13 over Gaularfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det høgste punktet på riksveg 13 over Gaularfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nasjonal turistveg

Gaularfjellsvegen er peika ut til å vere nasjonal turistveg. Frå før har gamle Strynefjellsvegen og Sognefjellsvegen fått status som nasjonale turistvegar i Sogn og Fjordane. Begge har fått informasjonstavler og utsikts- og rasteplassar som sømer seg ein turistveg. Gaularfjellsvegen har alt fått slike rasteplassar ved den kjende Likholefossen og på utsiktspunktet i Skaret. Statusen som nasjonal turistveg fekk Gaularfjellsvegen offisielt i august 2012. Fjellvegen Aurland-Lærdal skal også få status som nasjonal turistveg.

Skiltet som fortel at Gaularfjellsvegen har status som nasjonal turistveg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skiltet som fortel at Gaularfjellsvegen har status som nasjonal turistveg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Utsikten ved Skaret er det opparbeidd ein rasteplass med toalett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Utsikten ved Skaret er det opparbeidd ein rasteplass med toalett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.08.2012