Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestfrie stølseigarar

Utsyn frå Sværeskaret mot Sværefjorden. Foto: Mechtild Reuber.

Utsyn frå Sværeskaret mot Sværefjorden. Foto: Mechtild Reuber.

På Torsnesstøylen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Sela skulle av same grunn vere rikeleg forsynte med ved - men det vart også gjort for at ikkje ferdafolk i naudsfall skulle brenne opp møblar og kjerald i mangel på ved i sela.

Men diverre var Sværeskaret også ferdsleveg for uærlege folk, som fleire gonger røva og stal frå støylane. Ein gong kring 1800 kom eit fantefylgje over Sværeskaret og la seg til ved Torsnestøylen. Der forsynte dei seg det dei orka med smør og ost, og slakta bufe til mat.

Segna vil ha det til at ei av budeiene fekk varsla ned i bygda ved å blåse i lur. Folk kom opp med våpen og fekk fanga fantepakket og sende dei basta og bundne til lensmannen. I 1976 stelte folket kring Sværefjorden i stand den gamle ferdslevegen over Sværekaret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011