Hopp til innhold
X
Innhald

Hamneproblem gav veg til Kråkenes

Vegen frå Kvalheim til Kråkenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen frå Kvalheim til Kråkenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kråkenes hadde svært vanskelege hamnetilhøve, men her fann Statens hamnevesen at det vart for komplisert og kostbart å byggje molo og hamn. Difor løyvde Staten pengar på 1930-talet slik at Kråkenes fekk veg over fjellet til Kvalheim. Vegen vart bygd i åra 1933-1938, men vart endeleg fullførd av tyskarane i 1942-1943. På 1990-talet er det bygd ny veg til Kråkenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2010