Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudvegen Førde-Vadheim

E 39 ved Langelandsvatnet, der vegen har fått god standard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E 39 ved Langelandsvatnet, der vegen har fått god standard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det var eit «kupp» frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at Den trondhjemske Postvei i 1785 vart bygd frå Leirvik til Dale, og ikkje over Vadheim, slik det var best skapt frå naturen si side.

Opphaveleg var det nemleg tanken at postruta skulle bli ført over Sognefjorden frå Rutledal til Nesse på nordsida. Derifrå skulle posten gå til Leirvik, opp Lavikdalen og ned til Torvund lengre inne ved Sognefjorden, og så derifrå til Vadheim og så nordover til Førde nokolunde etter den lina som europavegen fylgjer i dag.

Men det synte seg snart at denne «Holck»-ruta om Dale både vart tungvinn og lengre enn om postvegen hadde gått via Vadheim. Difor vart det bygd ny hovudveg frå Vadheim og nordover til Førde i 1837. Men det skulle vare heilt til 1867 før Stortinget vedtok å leggje ned Den trondhjemske Postvei over Leirvik–Dale-Sveen som hovudveg.

Vegen mellom Vadheim og Førde vart utvida til fire meters køyrebreidde i åra mellom 1890 og 1910, og vegen Førde-Sande vart gradvis utbetra til dagens standard frå 1970-talet og til kring 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010