Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger vart viktig stoppestad

Det var folksamt på kaia i Høyanger når rutebåten kom. Ukjend fotograf.

Det var folksamt på kaia i Høyanger når rutebåten kom. Ukjend fotograf.

Det som ein gong var ei einbølt jordbruksgrend lengst inne i Høyangsfjorden, hadde før 1913 berre hatt sporadiske anløp av Fylkesbaatane. Då industriutbygginga starta i 1915, vart Høyanger raskt ein av dei viktigaste stoppestadene til Fylkesbaatane med mykje gods og reisande.

Frå 1945 vart det sett inn ei bilførande rute frå Høyanger og Nordeide til Leikanger. Då "Sunnfjord" vart sett inn i snøggruta Bergen-Sogn i 1949, måtte Høyanger truge med å starte eiga rute på Bergen før Fylkesbaatane gjekk med på kravet om at snøggruta skulle gå innom Høyanger. Det streid nemleg med idéen om at snøggruta berre skulle ha rutestopp langs hovudløpet av Sognefjorden, og ikkje tape tid ved å svinge inn i alle fjordarmar.

Snøggrutene mellom Sogn og Bergen med dei store passasjer- og godsbåtane "Sunnfjord", "Sognefjord" og "Kommandøren" vart gradvis amputerte på 1980-talet, og nedlagde for godt i 1988. Den siste var ”nattruta” som m.a. hadde stoppestad i Vadheim.

Høyanger med brislingbåtar ca. 1930. Heilt til høgre ser vi ein rutebåt ved kai. Foto: Eugene Nordahl-Olsen

Høyanger med brislingbåtar ca. 1930. Heilt til høgre ser vi ein rutebåt ved kai. Foto: Eugene Nordahl-Olsen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2010