Hopp til innhold
X
Innhald

Hyen og omverda

Fylkesveg 615 mellom Hyen og Hestenesøyra. Vegen har vore rasfarleg, og det er bygt rasoverbygg for å sikre trafikantane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesveg 615 mellom Hyen og Hestenesøyra. Vegen har vore rasfarleg, og det er bygt rasoverbygg for å sikre trafikantane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Hyen gjekk det svært lang tid før bygdene fekk skikkeleg vegsamband. I 1898 fekk austre Hyen køyreveg til Aa. Vegen til bygdesenteret Straume var ferdig 1928. Gardane på Mjellem fekk ikkje køyrande gardsveg før i 1958. Før den tid gjekk mykje av transporten på løypestreng.

I vestre Hyen vart køyrevegen ned til Hope bygd kring 1860, men veg til fjords langs Hopsvatnet kom først i 1933. På dette svært lokale vegnettet trafikkerte Hyen Billag L/L (skipa 1935) etter initiativ frå Anders Hjorteset. Første skyssbåten på Storefjorden vart også kjøpt av den teknisk interesserte Anders Hjorteset i 1926.

Frå vegen mellom Hyen og Eikefjord, med Eimhjellen på andre sida av vatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå vegen mellom Hyen og Eikefjord, med Eimhjellen på andre sida av vatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegsamband med omverda

Hyen fekk ikkje vegsamband med omverda før i 1962, då vegen over til Eikefjord i Sunnfjord vart opna. No hadde Firda Billag teke over rutetrafikken i Hyen. Vegsamband til eigen kommune og kommunesenteret Sandane fekk ikkje Hyen før i 1989.

Fylkesmann Ingvald Ulveseth opnar vegen Hyen-Hestenesøyra i 1990. Til v. vegsjef Lars Lefdal og til h. anleggsleiar Jakob Støyva. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Fylkesmann Ingvald Ulveseth opnar vegen Hyen-Hestenesøyra i 1990. Til v. vegsjef Lars Lefdal og til h. anleggsleiar Jakob Støyva. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Vegen til Gjengedal i austre Hyen går i svingar opp det bratte Gjengedalsgjølet. Då vegen vart utbetra i 1972, rasa mykje av vegbana ut av det slette berget og ned i det flogbratte elvejølet. Gravemaskinen hadde nemleg kutta trerøtene som hadde vakse inn i veggrunnen. Desse var det einaste som heldt gamlevegen på plass!

I 2004 rasa vegen til austre Hyen ut ved Laksehammaren ved Ommedalsvatnet og isolerte bygda i mange veker. Før ny 100 meter lang tunnel var sprengd bak rasstanden måtte skuleborn, mjølk og varer fraktast med ei improvisert ferjerute over Ommedalsvatnet.

Laksehammaren, der vegen rasa ut i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Laksehammaren, der vegen rasa ut i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011