Hopp til innhold
X
Innhald

I korg over elva

Nausta kunne vere vanskeleg å kome over før bruene vart bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nausta kunne vere vanskeleg å kome over før bruene vart bygde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardane Sundet, Slettemark og Savland på ligg på nordsida av Nausta, og det kunne ofte vere både vanskeleg og farleg å kome seg over til sørsida der hovudvegen og skulen låg. I 1880-åra vart det bygt ei enkel bru for skuleungane nord for Gamlestøylen, og i 1910 ei litt lengre nede.

Ved Sundsøyna vart det rigga opp ein løypestreng med ei korg som folk kunne setje seg opp i og hale seg over elva. I Sauehølen låg ein liten robåt som også vart nytta til elvepassering. Men ein gong kollsegla Anders Strand med båten og berga seg så vidt inn på ein holme rett ovanfor den ville Styggelifossen. Der vart Anders sitjande ei heil natt før han vart berga.

I 1961 fekk desse grendene ei skikkeleg køyrebru over Nausta. Til siste bruket på Slettemark fekk ein ikkje køyreveg til gards før i 1982.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2009