Hopp til innhold
X
Innhald

Isvanskar i fjordferdsla

Ytre del av Lustrafjorden fotografert frå Strendene i Lærdal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre del av Lustrafjorden fotografert frå Strendene i Lærdal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaldt innlandsklima og store mengder ferskvatn frå vassdraga gjer at Lustrafjorden har vore den fjordarmen i fylket der fjordisen har skapt mest hinder for skipstrafikken.

Fjordisen har hindra veglause bygder langs fjorden å ha båtanløp i opptil tre månader i dei verste kuldevintrane. Då måtte folk langs fjorden køyre langt utover på fjordisen for å hente og levere varer til rutebåten ved iskanten. Særleg ille var det vinteren 1889.

Drægni flytta

Isvanskane var avgjerande for saft- og syltetøyprodusenten Halvard Drægni då han i 1920 flytta produksjonen frå heimbygda Skjolden til isfrie Hermansverk ute ved hovudløpet i Sognefjorden.

Bilferja ”Gudvangen” var god å ha når isen la seg på Lustrafjorden.© Fjord1 Fylkesbaatane.

Bilferja ”Gudvangen” var god å ha når isen la seg på Lustrafjorden.© Fjord1 Fylkesbaatane.

Fylkesbaatane braut is

På 1950-talet bygde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane bilferja «Gudvangen». Dette skipet vart mykje nytta til å bryte is i dei inste fjordane i Sogn - m.a. til Skjolden inst i Lustrafjorden. Isvanskane gjorde at Fylkesbaatane frå 1964 avvikla vinterrutene sine innanfor Solvorn. Lokale protestar og aksjonar var nyttelause.

Etter den tid var det mange veglause bygder som berre hadde den daglege mjølkeruta Luster-Årdal som rutekontrakt med omverda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011