Hopp til innhold
X
Innhald

Jektebygda Vangsnes

Ei sognejekt til anker utanfor kaia på Vangsens. © Fylkesarkivet.

Ei sognejekt til anker utanfor kaia på Vangsens. © Fylkesarkivet.

På same vis som Nordfjord hadde si jektebygd i Gloppen (sjå " Båtbyggjarane i Gloppen"), var det Vangsnes som var det viktigaste senteret for jektefart i Sogn.

I 1890 vart det talt 17 jekter i bygda. Mange av jektene vart bygde på støer i fjøra kring Vangsnes. Også i Feios var det mange jekter. Jektebyggjarane kom ofte frå Hardanger, men også glopparar reiste til Vangsnes for å byggje jekter.

Siste jekta som vart bygd på Vangsnes, var «Sognejenta» i 1914. Den kunne laste 160 tonn. Dette var ein uvanleg storleik for Sognejekt å vere, for det vanlege var ei lasteevne på kring det halve. Jekta vart bygd for Ole Eriksen Vangsnes og sonen Kristian. Jekta vart seld til Steinkjer året etter og ombygd til frakteskute med motordrift.

Aokre-Ola

Ein av dei mest kjende jekteskipperane frå Vangsnes var Ola Ellendson Vangsnes (1871-1956) - kalla Aokre-Ola. Han starta på jekt som skulegut, og reiste med siste jekt til Bergen i 1936. Då jektetida ebba ut, gjekk mange av sjøfolka frå Vangsnes over som mannskap på Fylkesbaatane.

Sognejekta Dronningen frå Vangsnes.

Sognejekta Dronningen frå Vangsnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.06.2011