Jernbana Tangen-Øvre Årdal

Lokomotivet som vart berga opp av Årdalsfjorden og restaurert, står utstilt på Årdalstangen.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Tyskarane bygde også jernbane langs vegtraséen frå Tangen til Øvre Årdal. Denne strekninga var i drift berre kort tid, og nedkorta til jernbanespor frå kaien på Tangen til Årdalsvatnet. Lokomotivet hamna utfor kaien, men vart i 1994 berga opp og restaurert ferdig i 1999.
Les meir om samferdsle i Årdal

Lokomotivet i Saltviki på Årdalstangen under andre verdskrigen. Foto: Nordag, utlånt av Årdal Sogelag.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 28.07.2009