Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbane Vadheim-Sandane

Hadde planane frå 1920 blitt realiserte, ville det ha gått jernbanespor gjennom Førde, om lag der E39 går på sørsida av Jølstra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hadde planane frå 1920 blitt realiserte, ville det ha gått jernbanespor gjennom Førde, om lag der E39 går på sørsida av Jølstra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jernbana mellom Vadheim og Sandane gjennom Førde var høgt prioritert i den store transportplanen for fylket som vart lagd fram i 1920.

Frå Bergensbanen skulle det etter denne planen byggjast sidespor frå Myrdal stasjon oppe på fjellet og ned til Flåm ved Sognefjorden. Derifrå skulle togsetta fraktast med jernbaneferje til Vadheim. Jernbanetrasèen skulle i all hovudsak fylgje den same lina som Europaveg 39 no fylgjer mellom Vadheim og Sandane. Frå jernbanestasjon i Førde skulle det byggjast sidespor ut til dampskipskaia på Steinen, og det vart planlagt sidespor vestover til Florø og til Hyen i Nordfjord.

Vestlandsk stamjernbane?

Det vart også sysla med planar om ei vestlandsk stamjernbane som skulle kome sørfrå omlag etter same lina over Romarheimsdalen og Matre som E39 fylgjer i dag. Sognefjorden skulle kryssast med jernbaneferje frå Indre Oppedal til Vadheim. På Sandane skulle «Vestlandsbana» på nytt ombord i ei jernbaneferje. Jernbaneferja skulle anten gå til Stryn, slik at dei kunne kome seg vidare nordover til Trondheim via Strynefjellet og Otta - eller ha eit anna ferjeleie på nordsida av Nordfjord slik at Trondheims-toget kunne gå via Sunnmøre og fange opp trafikk frå Møre og Romsdal.

Planane skrinlagde

Jernbaneplanane på Vestlandet hamna kort tid etter i ein skuff fordi bilen viste seg suveren som landverts transportmiddel i denne fjordrike landsdelen. Og tungtransporten sytte Fylkesbaatane for i det fjordrike Sogn og Fjordane fylke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010