Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanar langs Førdefjorden

Det vart ikkje noko av planane om jernbane langs Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det vart ikkje noko av planane om jernbane langs Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I utbyggingsplanen for jernbane i Sogn og Fjordane i 1923, skulle det byggjast ”stambane” mellom Vadheim og Sandane, med sidespor til Høyanger og Florø. Florø-bana skulle fylgje ”fjordlina” Førde-Naustdal-Vevring- Stavang- Eikefjord-Florø.

Planen vart tidleg lagd til side, og i staden fekk ein omgrepet ”kompensasjonsvegar” for dei som vart snytte for jernbane. Ein slik var Førde-Florø etter den gamle jernbanelina langs fjorden. Men vegen over Ramsdalsheia vart prioritert først, og fjordlina kom i bakleksa.

Sambandet langs fjordlina med rundkøyring om Stavang til Eikefjord var ikkje fullført før i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2009