Hopp til innhold
X
Innhald

Kappestrid om rutedrift

Ein av dei første rutebilane i Lærdal på veg over Hemsedalsfjellet  i juni 1923. Eigar av foto: Statens Vegvesen.

Ein av dei første rutebilane i Lærdal på veg over Hemsedalsfjellet i juni 1923. Eigar av foto: Statens Vegvesen.

Etter den første skepsisen mot bilane, gjekk det ikkje lenge før det nærmast vart kappestrid mellom tidlegare skysskarar om å starte bilselskap. Dei såg at den langsame hesteskyssen si tid var omme, og no galdt det å «posisjonere» seg for ei ny tid.

I 1914 gjorde hotelleigar Anders Maristuen opptaket til skiping av eit bilselskap som skulle trafikkere over Hemsedalsfjellet til Gol. Selskapet fekk namnet A/S Trygg, og trafikkerte berre strekninga frå Borgund til Gol.

Kåre Hovland har restaurert og tek vare på ein av dei første bilane til Gol-Lærdal-Maristubilene, ein Cadillac som vi og ser på biletet over frå 1923. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kåre Hovland har restaurert og tek vare på ein av dei første bilane til Gol-Lærdal-Maristubilene, ein Cadillac som vi og ser på biletet over frå 1923. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 1918 dukka det opp to nye selskap som hadde planar om rutebiltrafikk på heile strekninga frå Lærdal til Gol: A/S Lærdal Automobilselskap, og A/S Gol Automobilselskap på andre sida av fjellet. Dei to selskapa fann det fornuftig å samarbeide om rutedrifta.

- Og som om ikkje dette var nok: Endå eit selskap - Fram A/S - kasta seg inn i rutebilkrigen på Hemsedalsfjellet. Med fem rutebilselskap i eit avgrensa område vart det krangel og kamp, og fleire gonger måtte styremaktene gå imellom og rydde i rutekaoset.

Ein bil tilhøyrande Gol Automobilselskab på Maristova på 1920-talet. Mannen til høgre attmed bilen er Lars A. Nesse, som i mange år var styreformann i Gol-Lærdal-Maristubilene. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Sogn Billag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1924 skjedde ei storopprydding ved at selskapet Trygg, Lærdal Automobilselskap og etter kvart Gol Automobilselskap vart slegne saman til Gol-Lærdal-Maristubilene. Også eit par lastebilselskap, Maristuen Lastebil (skipa 1920) og Schelderup Jansens lastebil (skipa 1923) gjekk inn i selskapet.

A/S Beltebilene vart skipa i 1931 og dreiv passasjertrafikk vinterstid over det ubrøyta Hemsedalsfjellet til 1942. Dette selskapet gjekk etter ei tid også inn i Gol-Lærdal-Maristubilene som eksistere heilt til 1982, då det gjekk inn i Sogn Billag. Seinare har Fjord1 overteke Sogn Billag.

Les meir om billaget i artikkelen A/S Lærdal Automobilselskap.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 11.05.2011