Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger var viktig ferjestad

Sidan 1934 har ferjer vore ein viktig del av samferdsla i Sogndal. På dette biletet frå 1952 ser vi den første spesialbygde ferja til Fylkesbaatane, ”Lærdal”,  vente på tur medan ”Sandøy” ligg til kai i Kaupanger. Ukjend fotograf. Eigar: Helga Moe/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaupanger vart tidleg ein av dei viktigaste ferjestadane i Sogn og Fjordane.

Alt i 1934 sette Fylkesbaatane inn ein bilførande rutebåt - Vesle Øyvind - frå Gudvangen. Denne korresponderte midtfjords med ei bilførande båtrute mellom Lærdal og Vadheim som vart trafikkert av «Stavenes».

Ved hjelp av trelemmar vart bilar lasta over frå skip til skip i rom sjø - ein nervepirrande operasjon – ikkje minst for sjåførane! Kaupanger fekk ferjeleie og samband med dette rutenettet då vegen mellom Loftesnes og Kaupanger var ferdig som bilveg i 1938.

Kaupanger ferjekai rundt 1960. Ferjene ”Gudvangen”  til høgre og ”Fjærlandsfjord”slit med å ta unna den veksande køen. Folk kunne korte ventetida på kaféen til Arne Timberlid. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Betre ferjesamband mot Lærdal og Gudvangen

I 1939 vart det sett opp ei ny ferje mellom Kaupanger og Lærdal, samstundes som det vart starta ferjerute Lærdal-Gudvangen. Etter at tunnelsystema opna, vert Kaupanger berre nytta som ferjeplass i sommarhalvåret, då Fylkesbaatane set opp ei turistrute Lærdal–Kaupanger–Gudvangen.

Ferjesamband mot Årdal

Mellom Kaupanger og Årdal vart det sett opp bilferje frå 1957.

Mellom Fodnes (bak ferja) og Mannheller går to ferjer med avgang kvart 20. minutt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mellom Fodnes (bak ferja) og Mannheller går to ferjer med avgang kvart 20. minutt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.08.2011