Hopp til innhold
X
Innhald

Kjentfolk over Sognefjellet

Henrik Wergeland laga denne akvarellen på turen over Sognefjellet i 1832.

Henrik Wergeland laga denne akvarellen på turen over Sognefjellet i 1832.

Henrik Wergeland laga denne akvarellen på turen over Sognefjellet i 1832.

Sognefjellet vart ikkje berre nytta som sambandsveg av folk i bygdene omkring. Også embetsfolk og anna «fintfolk» reiste over fjellet. Såleis kom diktaren Ludvig Holberg (1684-1754) over Sognefjellet på ei reise frå Fron i Gudbrandsdalen då han var kring 13 år gamal.

Tidleg på 1800-talet vakna interessa for den norske fjellheimen mellom norske kunstnarar.

Henrik Wergeland

I 1832 reiste Henrik Wergeland (1808-1845) over Sognefjellet. Slik skildra han Skagastølstindane:

''Og hist af Skyens Hav en Tind'' ''sig snegledreier, lig'' ''en snod forstenet Hvirvelvind.'' ''Du Chaos' Horn, du vover ind'' ''i Himlen bore dig?''

P. Chr. Asbjørnsen

I 1842 kom eventyrsamlaren P. Chr. Asbjørnsen (1812-1885) over Sognefjellet:

''Forthun, Sognefjeldet og Bæverdale er noget af det mest pittoreske som jeg haver seet paa hele min Rejse.''

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen (1828-1906) reiste over Sognefjellet frå Lom til Skjolden i 1862 saman med skodespelar Isachsen og ein mann som heitte Yngvar Nielsen. Nielsen gjekk i knebukser. Slike bukser ville Ibsen og gå i, og før dei tok fatt på fjellet, klipte Ibsen av langbuksa si nedanfor knea!

Det seiest at Ibsen opplevde fjellnaturen frå denne ferda så sterkt at det Sognefjellet var bakteppet då han skreiv fjellscenene i eit av hovudverka sine - skodespelet «Brand».

Fanaråkmonumentet til minne om dei som vandra over fjellet og let seg imponere av synet. Foto: Inger Johanne Liabø .

Fanaråkmonumentet til minne om dei som vandra over fjellet og let seg imponere av synet. Foto: Inger Johanne Liabø .

Aasmund Olavsson Vinje og  kong Oscar II

Aasmund Olavsson Vinje og kong Oscar II

Også Aasmund Olavsson Vinje og Teodor Caspari skildra naturen frå reiser over Sognefjellet. Det same gjorde den svensk-norske kronprins Oscar Fredrik (kong Oscar II) i 1860 då han rei over fjellet saman med fylgjet sitt, og etterpå skreiv ei omfattande skildring av opplevinga i årboka til DNT i 1880:

Noe mer storartet skjønt, noe mer overveldende sublimt enn Utsikten fra den siste Hougen (seinare kalla Oscarshaug ovanfor Turtagrø) innen nedstigningen begynner, kan man ikke tenke sig.

Tekstsida på Fanaråkmonumentet. Foto: Inger Johanne Liabø.

Tekstsida på Fanaråkmonumentet. Foto: Inger Johanne Liabø.

Les meir om Sognefjellsvegen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011