Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevegen vert bygd

Kongevegen ved Maristova rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB, NRK.

Kongevegen ved Maristova rundt 1880. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB, NRK.

Som hovudveg mellom aust og vest hadde Lærdal-Filefjell stor militær betydning. I 1790 vart det vedteke at det skulle byggjast ny veg som også kunne brukast som sledeveg vinterstid. Vegen fekk nemninga «Kongeveg», slik tilsvarande hovudvegar i landet fekk på den tida.

Generalvegmeister-distriktet Vestlandet-Trøndelag var no delt, og det vart generalvegmeister Christoffer Johannes Hammer i Bergen som fekk ansvaret for prosjektet.

Lokalt var det løytnantane Hans Lem frå Årdal og Wilhelm Jürgensen som leia arbeidet, der både soldatar og folk frå dalen tok del. I 1793 var vegen ferdig.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.05.2011