Konkurranse om rutefarten

DS Jotunheim, som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar på Sognefjorden. Foto: K. Knudsen, eigar: Knudsensamlingen, UBB.

DS Jotunheim, som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar på Sognefjorden. Foto: K. Knudsen, eigar: Knudsensamlingen, UBB.
På slutten av 1800-talet fekk Fylkesbaatane sterk konkurranse frå andre ruteselskap i trafikken mellom fjordafylket og Bergen.
Konkurransen vart særleg hard på Sogn, der konkurrentar til Fylkesbaatane ofte vart nekta å bruke «amtskaia» og difor fann seg andre allierte som bygde eigne kaier og pakkhus.
Slik var det også i «Habben» i Lærdal, der det vart bygd eiga kai - Urasanden bryggje. Her vart dampskipa «Jotunheim» og «Ørnen» ekspederte, og kaia fekk på folkemunne namnet «Ørnebryggja» etter skipet som la til der.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.05.2011