Hopp til innhold
X
Innhald

Køyreveg opp Jostedalen

Vegen til Jostedalen gjennom Fossagjelet i 1926. Foto: A.B. Wilse.

Vegen til Jostedalen gjennom Fossagjelet i 1926. Foto: A.B. Wilse.

Hovudvegen opp Jostedalen vart bygt i 1890-1891. Vegen hadde berre 2,5 meters køyrebreidde.

Jostedalsvegen vart ombygd frå Sperle til Mosvoll i 1913. Den vart også mykje utbetra for biltrafikk i åra frå 1921 til 1937, m.a. ved at den vart lagt om ved det vanskelege Haukåsgjelet.

Fram til 1920-talet var det skysstasjon på Alsmo for folk som vart frakta med hest og kjerre gjennom dalen.

I Haukåsgjelet vart vegen lagt i ny tunnel på 450 meter i 1959.

I samband med kraftutbygginga i Jostedalen på 1980-talet vart vegen m.a. utbetra med fleire tunnelar kring 1981. Dei lengste er Fossøytunnelen på 208 meter og Kverndalstunnelen på 186 meter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.03.2011