Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Hyllestad

Første vegen til Hyllestad

Køyreveg frå Staurdal (nord for Leirvik) og over eidet til Hyllestad vart bygd i 1881.

Arbeidarar på veganlegget Leirvik-Skor ca. 1930. Foto: Bjarne Råsberg.

Arbeidarar på veganlegget Leirvik-Skor ca. 1930. Foto: Bjarne Råsberg.

Bilveg til Flekke

Med utgangspunkt i postvegen, vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra og omlagt til bilveg i tida frå 1895 til 1935.

Ein lastebil med søndagskledde karar på veg ned kleiva ved Skor i 1929. Ukjend fotograf.

Ein lastebil med søndagskledde karar på veg ned kleiva ved Skor i 1929. Ukjend fotograf.

Øn-Sørbøvåg

I 1898 bygde Hans Hanson Horne med fleire veg mellom Øn kyrkje og kaia i Sørbøvåg. Motytinga skulle vere at Hyllestad kommune skulle fremje vegprosjektet Øn- Fjaler. (sjå nedanfor Sørbøvåg-Hellevik).

Sørbøvåg-Hellevik

Riksveg 607 frå Sørbøvåg til Hellevik i Fjaler kommune vart opna i 1907.

Desse karane var arbeidarar på veganlegget Salbu-Hellevik på slutten av 1800-talet. Her har dei etter alt å døme teke helg, mellom anna ser vi at eit par flasker har kome fram. Kvifor den eine av karane har gevær på aksla fortel historia ikkje noko om. Ukjend fotograf.

Salbu bru

var ferdig 1908, og er den einaste kvelvingsbrua i Hyllestad.

Vegen Lavik-Lavikdalen-Løland bru

vart bygd i 1912.

Veg Leirvik-Ytre Bø

vart bygd i 1923.

Lifjordvegen

Veg frå Hyllestad til Lifjorden stod ferdig i 1923.

Veg til Skifjorden

Vegen frå Sørbøvåg til Sellevoll i Skifjorden var ferdig i 1924 og vart seinare bygd vidare til Laberg.

Den 42 meter lange Hyllestadtunnelen på vegen mellom Øn og Hyllestad vart teken i bruk i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den 42 meter lange Hyllestadtunnelen på vegen mellom Øn og Hyllestad vart teken i bruk i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øn–Hyllestad

som i dag er ein del av riksveg 607, vart ikkje fullført før i 1960. På strekninga ligg Hyllestadtunnelen på 42 meter.

Veg til Rysjedalsvika

vart opna i 1965 - sjå artikkelen Bitter strid om Rysjedalsvika om striden kring kai og ferjesamband.

Frå fylkesveg 57 mellom Bø og Rysjedalsvika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå fylkesveg 57 mellom Bø og Rysjedalsvika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik-Lavik

Vegen langs stranda mellom Leirvik og Lavik med Brensdalstunnelen (128 meter) vart opna i 1973.

Veg mot Folkestad

Vegen nordover langs kysten frå Laberg til Folkestad i Fjaler kommune vart opna i 1989.

Ved Lundeland er denne minnesteinen reist. På steinen står det: Minne over vegbusane. Vegen Hellem-Risnes 1902-1905, vidare til Hyllestad 1914-1923. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Lundeland er denne minnesteinen reist. På steinen står det: Minne over vegbusane. Vegen Hellem-Risnes 1902-1905, vidare til Hyllestad 1914-1923. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.10.2010